mandag 1. juni 2009

tenkte at eg skulle skrive litt på seine natta..

Ja, eg klarer ikkje å sovne, mest fordi at eg sitt på msn, men ogso fordi at eg skal skrive rapport til eit musikk prosjekt som skal framførast på tysdag..+ at eg orka ikkje å legge meg ned å sove.. No har eg hatt prøve eksamen, den hadde eg på fredag, og det gjekk utrlig bra! eg fekk ein klar 5'ar sa læraren min, og eg vart strålandes glad! Eg og venninda mi hadde jobba hard i nesten 2 dagar, og vi var begge utmatta og leide av å lese og skrive om han Mao Zedong og Kina på 1900-talet. Men det var det vi ville ha om, så vi var heldige! No står det berre den "ekte" igjen, som ikkje skal vær før enn 10. og 11. Juni, ikkje så lenge til, men lenge nok. Eg trur at det kjem til å gå utrulig bra, og håpar på det beste!Vi har fått eit strålandes vær her i Volda no, og på 2 dagar har eg blitt brunare enn eg nokon gong har våre i Mai! Eg trur at det nesten har våre 30 grader i sola, og dagane har gått i å vere på badestranda å sole meg (eg har tilogmed bada! men det var kaldt!!), gå å tynne klede og kose meg med kjæresten min ute i sola! Det har våre så flott no at eg har glømt alt som har med skule og eksamen, heilt til i dag, då eg kom på at eg måtte skrive rapport...

Eg vil ogso berre takk for alle komentarane eg fekk på det andre innlegget mitt om Ulceriøs Kolit. Eg veit godt at det er lett å leve med, sidan eg veit om andre i familia som har det, som eg har arva det frå mest sannsynleg.  Men takk for komentarane både på mamma sin blogg og min. Ha ei flott veke alle sammen!

tirsdag 26. mai 2009

Ulcerøs Kolitt

Mamma fortalte at eg hadde fått ein sjukdom på eit innlegg for ikkje så lenge sida. Det stemmer, og eg tenkte at dokke kan få vite kva sjukdom det er. Den heiter Ulcerøs Kolitt, det kan ver ulike grader i den slik eg har forstått det. Når eg først fann ut at eg hadde det vart eg ganske lei meg, men sida eg ikkje hadde våre til undersjøkelse enda, så var det ikkje heilt sikkert at det var Ulcerøs Kolitt. Men alle symtoma eg hadde peika til den sjukdomen. 

Sjukdomen er ein kronisk betendelse som rammar tjukktarmen, det kan variere kor betent det er, og det er ikkje alle som har slik at heile tjukktarmen er betent. Men det hadde eg, men det var berre ein svak betendelse i heile. No går eg på tablettar som hjelp veldig mykje, og dei skal eg fortsette å gå på. Dei gjer slik at den ikkje blussar opp, og den beskyttar ogso tarmen mot kreft og andre ting.

Dei er endå usikker på kva som gjer slik at vi får sjukdommen, men dei trur at det er slik at immunforsvaret reagerer på eit virus eller ein bakterie og dei utviklar seg antistoffer som ved eit uhell kan angripe cellene i tarmen, det gjer slik at det blir ein kronisk betendelse. 
Det kan ogso oppstå oppblussingar av sjukdomen, det kan kome av psykisk stress eller andre sjukdommar, men det er ikkje dette som gjer slik at vi får sjukdommen. 

Det her blir ein sjukdom eg må leve med resten av litet mitt, men det trur eg eigentlig går bra, det kunna ha våre mykje verre, og eg er heldig som berre har ein svak betendelse. Men eg må såklart leve med dette, og avogtil blir det kansje litt trasig, men eg trur nok at eg skal klare å tilpasse meg det. Eg vil takke mamma for det ho sa om meg på bloggen hinna, det var utrulig rørande, og eg merkar at eg synst at det er vanskeleg enda, men eg skal ver sterk når eg merker at eg føler meg litt ned på pga sjukdommen. Og eg trur ikkje det er ein einaste ting eg ikkje kan gjer, eller eg har ikkje funne noko enda. 

I morgon får eg vite oppgåva mi til prøve eksamen i muntlig!!! Eg kom opp i samf.fag til prøvemuntlig, og er ganske spent!
Wish me luck:)

tirsdag 19. mai 2009

17. Mai

Golla mine! Ola og Mathilde

Beste venninda mi Silje og meg!
------
Litt seint innlegg om korleis min 17. Mai var, men betre seint enn aldri, er ikkje det dei sei?
Dagen starta med at eg fekk sjå at Noreg vann overlegent Eurovision, noke som var super kjekt! Og noke som va ogso bra var at Island kom på 2.plass! So begge landa mine vann på ett vis! Super kjekt! 

Om morgonen møtte eg opp ved Sjukehuset i Volda for å stille opp til toget! Eg spelar i korpset, så eg måtte ha på meg uniform dei 2 første timane av dagen ca. Vi gjekk ei lita runde alle sammen som skulle gå i toget! Og det var eigentleg heilt greitt, litt varmt, men skal ikkje klage no når det har blitt varmt edelig. Resten av dagen hadde eg på meg bunad og kosa meg med venner, sukkerspinn, god mat og gjekk i folketoget! Det var ein super kjekk dag, med ein utruleg varme, trur aldri at det har våre så varmt på 17.Mai nokon gong. Og eg kosa meg masse ilag med den gode og snillde kjærasten min! 

Koprset i full action i folketoget!Torkil går ilag med fottball klubben i folketoget

----------------

Men eg kjendte at det var godt når dagen var over, eg var så trøtt at eg forsov meg dagen etter på! Heldigvis kom eg presis til skulen!PUH!

I dag har eg framført Show and tell oppgåva mi i engelsk, den går ut på at vi skal velge en ting/ein person å vise fram tingen/personen og fortelje om han/ho/det. Eg hadde om Ola, og eg vart kjempe fornøgd med framføringa mi! Det gjekk super bra, så nå håpar eg på ein flott karakter som kanskje dokke her i bloggverden får vite?! :) 
Ha ei flott langhelg alle sammen, og kos dokke like mykje som dissa to søte fuglane gjor på 17. Mai!

torsdag 14. mai 2009

HELG!

I går hadde ej eksamen! Og den gjekk veldig bra!  Og det vart mykje lettare enn det eg hadde trudd at det kom til å bli. For det første så var tentamenen vi hadde vansklegare enn eksamenen, og for de andre så hadde eg ein god dag trur eg. 

Eg vil også takke alle som tenkte på meg då eg satt å rekna. Tusen takk, og eg trur at det hjalp veldig mykje! 

Imorgon får vi helg, pga. engelskeksamen! Så då skal eg sove litt lenger, fordi at i dag har eg våre ganske trøtt og sliten! Eg sovna faktisk då eg skreiv Bookreporten/bokmeldinga som ej må levere inn på tysdag. I morga kjem også Ola, fordi at vi skal jobbe med Show and tell, det er ei oppgåve i engelsk som alle i 10.klasse har. Eg skal ha om Ola, så han må nesten vere der når eg skal finne ut noko å sei om han! Gledar meg! 

--------

Måtte berre ha eit bilde av ei lita stor solstråle!

Også skal eg fortelje dokke kor heldig eg var i går! Eg opna opp all posten eg hadde fått, også hadde eg vunne i ei konkuranse! eller ikkje førstepremie, men eg hadde vunne! Og eg vann eit gåve kort på 500 kr! Gjett om eg vart glad då! Det var veldig kjekt å vinne noko sant. Og kortet går ikkje ut før enn om 3 år. Dei pengane skal eg bruke på noko eg virkeleg har lyst på. 

Og som om ikkje det var nok, så fekk eg blomster med pappa, Oddny, Mathilde og Torkil. flotte rosa roser! Som gratulere for at eg var ferdig med matteeksamenen. Kjempe kjekt å få. Dei står no flott på nattborde mitt og sprer god lukt over heile rommet! 

Og i dag fekk vi tilbake ei RLE prøve som vi hade for nokre veker tilbake, eg vart så glad når eg såg resultatet! Kor kjekt det var! eg fekk 5+!!! Og det var tilogmed ei prøve eg var litt usikker på! Og eg var berre 3 poeng frå fullpott..! åå kor stolt eg vart! Og heldigvis kunne eg om Jobs lidningar, Paulus/saulus/Saul og mykje anna i Bibelen! Vart so stolt!

lørdag 9. mai 2009

Søndag..

I dag er det søndag, og berre 3 dagar til eg skal ha eksamen.. Eg fekk vite kva eg kom opp i sist ønsdag, og det vart det eg trudde, matematikk. Eg hadde vel eigentleg visst det heile tida, men det å få det bekrefta var ikkje kjekt i det heile tatt, det var grusomt. Eg, bestevenninda mi og nokre jenter til som går i klassa mi braut ut i stille gråt heilt til vi kom inn på klasse romme, då grein vi, og vi grein og grein. Eg veit at det høyrest heilt teit ut, men vi grein faktisk. Matte liksom, av alle dei tre faga vi kunne kome opp i måtte det såklart bli matte. Så jah.. Matte..

Personeg er eg ikkje noko flink i matte, eller eg synst ikkje det, og det har gått gale sida 8.klasse med det faget, så det vart veldig trist å kome opp i matte. Heldigvis er det berre skriftleg. Så nå må eg berre øve og øve og øve. Det er berre det at eg føler ikkje for å øve, fordi at kvar gong eg har tenkt å leite fram matteboka, så hugsar eg at vi faktisk kom opp i matte. Så i dag skal eg ned til besteforeldra mine for å øve, fær dit ned i kveld, etter at pappa har henta meg og Torkil. 
Og då blir det full guffe med pugging av formar og funksjonar! Også kryssar eg fingrane for at det skal gå bra! Eg er ikkje den einaste som slit med faget matte, så vi står saman. 

Eg håpte at vi kom opp i engelsk, sida det er mitt sterkaste fag omtrent. Norsk er ikkje så gale helder. men matte.. ueeee.. GRUR MEG!

Wish me luck! ;)

søndag 19. april 2009

Flø tur!

-----------
I dag var pappa, eg, Torkil, Mathilde, Oddny og Torkil sin kompis ut på Flø. Der hadde Moods of Norway utstilling, så vi for ut å såg på den før vi for ut i fjøra å grilla litt. Uheldigvis hadde ikkje eg meir batteri på kameraet mitt etter 10 bilder. Men eg fekk låne pappa og dei sitt kamera! 
Det var kjempe kjekt der. Vi lagde sandslott og tok masse bilder! Og utruleg nok blåste det nesten ikkje noko!

søndag 5. april 2009

GRAND PRIX VINNARAR!

Grand Prix V.U.S er ein tradisjon som har våre i 9 år nå, og alle klassene deltar. Vi velger eit tema vi vil ha, (vi hadde egypt), også ein sang (vi hadde ruslana-wild dances) også lagar vi ein sang til den melodien og kulisser, kostyme og dans som passa til temaet.litt av klassa(trur eg)kulissane våra

Magedansarane dansar.

------
Den første dagen i veka sa alle at vi kom til å vinne, eller mange sa det, tilogmed lærarar. Ein komentar vi fekk var: "dokke e irriterandes flinke!" hahah, den likte eg altså. Og elevane til den læraren vann i fjor og kom på 4.plass i år. 

Dommarane synst at vi hadde våre så flinke at vi fekk 65 poeng og kom på 1.plass!! VI HYYLTE OG GREIN NESTEN! To år uten å kome på lista også kom vi på 1.plass! VI VAR I TOTALT LYKKERUS!  2.plassen hadde berre 48 poeng, Så eg trur at dei likte oss veldig masse dei dommarane altså! Etter vi hadde framført då vi hadde vunne gratulerte alle oss og sa at vi fortjente det o.s.v. Vi var kjempe glade og gav klem til alle og tørka tårer. 

Premien va penga ogso på 17.mai skal vi framføre nedi gata (sentrum) til mange folk. de trur ej blir kjekt! Gleda meg til det, men grur meg litt også da, såklart, hehe. 

I nettavisa Møre hadde dei skreive :

"Ein heidundrandes kveld
Med flest poeng vart klasse 10A vinnarklassa med tema Egypt.
Torsdag var det duka for Melodi Grand Prix på Volda ungdomsskule.Ein kveld der alle var vinnarar. 
Elleve klasser framførte kvar sin sjølvskriven song. Med kostyme, dans, skodespel og den rette lyssettinga vart det utan tvil Grand Prix steming. Etter mange flotte innslag og dommarvurdering vart det klasse 10A som gjekk av med sigeren denne forykande kvelden."


tirsdag 24. mars 2009


Ville berre vise dokke nokre bilde av meg og kjæresten min. Eg er så utrulig glad i han, og til hausten skal han flytte til Stavanger for å gå på skule. Det blir sikkert vanskelig i starten, men eg trur at vi kjem til å klare det! Det blir spennande! Eg er kjempe glad på hass sine vegne, for eg veit at han virkelig hadde lyst å kome inn!

mandag 16. mars 2009

flott helg på Alexandra hotell!

I helga var eg og 5 andre jenter frå Volda skulekorps på noko som vart kalla Nordvestkonferansene 2009/ungdomskonferanse. Det var til laga for oss som spela i korps, og dirigentane. (Slik eg har forstått det!) Vi kom fram i 11-tida om morgonen etter ein heilt OK biltur. Eg og Silje fekk rommet vårt først, dei andre måtte vente i fleeeiree timar før enn romma deira var klare. Då vi såg rommet vårt vart ivertfall eg overraska over kor flott det såg ut, stor seng, fint bad, TV og DEEEEEEEEN UTSIKTAAAA! Det trur eg var noko av det beste med heile rommet. vi hadde rom nr 615, og utsikta var rett ned på bassenget! Heilt utrulig flott.Den første konferansen vi var på handlet om korps og korpsånd, korleis vi kunne få eit betre korps, kva vi tenkte om vårt korps og mykje anna om korps. Ho som holdt foredrag/snakka sa mykje om dei ulike tinga og vi fekk vel ein del å tenkje på. Seinare på dagen skulle vi også finne positive og negative ting med korps, og mykje slikt! Det var igrunnen veldig kjekt og lærerikt. Etter ei 2 tima lang økt fekk vi oss lunch, TACO OG IS! Vi var super glade for kva dei hadde og åt myyyykjee! Etter at vi hadde fått ei 3 kvarterpause måtte vi fare å høyre på meir. alt var igrunnen spennande, men litt langt av og til.Og tilslutt! klokka 18.30 var vi ferdige! Då sprang vi heile vegen til rommet, henta badekleda og fann badeområdet og omtrent kasta oss ut i bassenget! Der var vi heeeilt åleine i ein time! Det var super deilig og vi stooor kosa oss! Etter det var det god middag med enda betre dessert (koldtbord), og deretter dicsotek, som var sann heilt OK, ikkje akkurat heilt super musikk, men det var jo kjekt! Resten av kvelden/litt av natta satt vi på rommet til Idunn og Maria å kosa oss før vi tok å gjekk til romma våra å la oss for å sove. For dagen etter måtte vi tidlig opp!  Vi kjøpte oss barnedrikar på dicsoteket! (Maria, Svanhild og meg)
(Fugledansen)

Eg har stor kosa meg heile helga og berre spist god mat og kosa meg med venner. Vi hadde det super kjekt, sjølv om møta vart litt lenge av og til. Vi gledar oss allereide til neste gong i 2011!

torsdag 5. mars 2009

favoritt maten til Anika!

I dag har eg såtte å tenkt på kva mat eg likar best og kva mat eg et mest av iløpet av ei veke! Svaret var vanskleg å finne ut! Har tenkt hard på det masse i dag då eg ikkje har klart å konsentrert meg på skulen (særleg i matte timen, sidan eg IKKJE forstår noko av det som står der omtrent, før eg fekk hjelp!) eller berre då eg gjekk rundt i "Gata" å venta på amma Torill (Besta). Trur ikkje at eg har funne det heilt ut enda eigentleg.

Det er så mykje er godt, særleg når det kjem til middag. Middag er definitivt favoritt måtidet mitt, utan tvil! Kansje fordi at det er mest variert frå dag til dag, og eg synst at det er meir smak på middag enn frukost, lunch og kvelds. Sååååå, eg trur at favoritt middagen min er.. hmmm... Sann kjøt i omnen me chips og "gulesaus"(bernaisesaus) sann som mamma bruka å lage, eg trur ho kalla det "Fattimans steik" eller noko sann, også er det ein islandsmiddag, viss eg ikkje har høyrt feil! Også er eg faktisk veldig glad i risengrynsgraut! Det er såååå godt! I tillegg til gode salata og sommar mat! Nam nam naamm! Vart litt svolta her eg satt eg! 

Det eg et mest iløpet av ein dag trur eg faktisk er brødmat eller isberg salat! Isbergsalaten går eg ofte å maular på etter skulen før eg tek meg ei skive. Den er så god på smak, særleg med litt agurk og paprika! YUMMI YUMMI! Og det er MYKJE betre enn brød. Eg er IKKJE glad i brødmat i det heile tatt eigentleg, men eg et jo det også såklart, eller bollar er eg VELDIG glad i! meir glad i knekkebrød, cornflakes, yougurt og salat. hihiihih. 
Har du noko favoritt rett, og kva?