I helga var eg og 5 andre jenter frå Volda skulekorps på noko som vart kalla Nordvestkonferansene 2009/ungdomskonferanse. Det var til laga for oss som spela i korps, og dirigentane. (Slik eg har forstått det!) Vi kom fram i 11-tida om morgonen etter ein heilt OK biltur. Eg og Silje fekk rommet vårt først, dei andre måtte vente i fleeeiree timar før enn romma deira var klare. Då vi såg rommet vårt vart ivertfall eg overraska over kor flott det såg ut, stor seng, fint bad, TV og DEEEEEEEEN UTSIKTAAAA! Det trur eg var noko av det beste med heile rommet. vi hadde rom nr 615, og utsikta var rett ned på bassenget! Heilt utrulig flott.
Den første konferansen vi var på handlet om korps og korpsånd, korleis vi kunne få eit betre korps, kva vi tenkte om vårt korps og mykje anna om korps. Ho som holdt foredrag/snakka sa mykje om dei ulike tinga og vi fekk vel ein del å tenkje på.
Seinare på dagen skulle vi også finne positive og negative ting med korps, og mykje slikt! Det var igrunnen veldig kjekt og lærerikt. Etter ei 2 tima lang økt fekk vi oss lunch, TACO OG IS! Vi var super glade for kva dei hadde og åt myyyykjee! Etter at vi hadde fått ei 3 kvarterpause måtte vi fare å høyre på meir. alt var igrunnen spennande, men litt langt av og til.
Og tilslutt! klokka 18.30 var vi ferdige! Då sprang vi heile vegen til rommet, henta badekleda og fann badeområdet og omtrent kasta oss ut i bassenget! Der var vi heeeilt åleine i ein time! Det var super deilig og vi stooor kosa oss! Etter det var det god middag med enda betre dessert (koldtbord), og deretter dicsotek, som var sann heilt OK, ikkje akkurat heilt super musikk, men det var jo kjekt! Resten av kvelden/litt av natta satt vi på rommet til Idunn og Maria å kosa oss før vi tok å gjekk til romma våra å la oss for å sove. For dagen etter måtte vi tidlig opp!
Vi kjøpte oss barnedrikar på dicsoteket! (Maria, Svanhild og meg)
(Fugledansen)

Eg har stor kosa meg heile helga og berre spist god mat og kosa meg med venner. Vi hadde det super kjekt, sjølv om møta vart litt lenge av og til. Vi gledar oss allereide til neste gong i 2011!
2 kommentarer:
Þú ert orðin svo stór Anika mín bráðum fullorðin.
Klem amma Dísa.nogiedo
Artige bilder.:)
Kjekt dokke hadde det :)
Og heldige som fekk vere på hotell.
Klem mamma
Legg inn en kommentar