tirsdag 24. mars 2009


Ville berre vise dokke nokre bilde av meg og kjæresten min. Eg er så utrulig glad i han, og til hausten skal han flytte til Stavanger for å gå på skule. Det blir sikkert vanskelig i starten, men eg trur at vi kjem til å klare det! Det blir spennande! Eg er kjempe glad på hass sine vegne, for eg veit at han virkelig hadde lyst å kome inn!

mandag 16. mars 2009

flott helg på Alexandra hotell!

I helga var eg og 5 andre jenter frå Volda skulekorps på noko som vart kalla Nordvestkonferansene 2009/ungdomskonferanse. Det var til laga for oss som spela i korps, og dirigentane. (Slik eg har forstått det!) Vi kom fram i 11-tida om morgonen etter ein heilt OK biltur. Eg og Silje fekk rommet vårt først, dei andre måtte vente i fleeeiree timar før enn romma deira var klare. Då vi såg rommet vårt vart ivertfall eg overraska over kor flott det såg ut, stor seng, fint bad, TV og DEEEEEEEEN UTSIKTAAAA! Det trur eg var noko av det beste med heile rommet. vi hadde rom nr 615, og utsikta var rett ned på bassenget! Heilt utrulig flott.Den første konferansen vi var på handlet om korps og korpsånd, korleis vi kunne få eit betre korps, kva vi tenkte om vårt korps og mykje anna om korps. Ho som holdt foredrag/snakka sa mykje om dei ulike tinga og vi fekk vel ein del å tenkje på. Seinare på dagen skulle vi også finne positive og negative ting med korps, og mykje slikt! Det var igrunnen veldig kjekt og lærerikt. Etter ei 2 tima lang økt fekk vi oss lunch, TACO OG IS! Vi var super glade for kva dei hadde og åt myyyykjee! Etter at vi hadde fått ei 3 kvarterpause måtte vi fare å høyre på meir. alt var igrunnen spennande, men litt langt av og til.Og tilslutt! klokka 18.30 var vi ferdige! Då sprang vi heile vegen til rommet, henta badekleda og fann badeområdet og omtrent kasta oss ut i bassenget! Der var vi heeeilt åleine i ein time! Det var super deilig og vi stooor kosa oss! Etter det var det god middag med enda betre dessert (koldtbord), og deretter dicsotek, som var sann heilt OK, ikkje akkurat heilt super musikk, men det var jo kjekt! Resten av kvelden/litt av natta satt vi på rommet til Idunn og Maria å kosa oss før vi tok å gjekk til romma våra å la oss for å sove. For dagen etter måtte vi tidlig opp!  Vi kjøpte oss barnedrikar på dicsoteket! (Maria, Svanhild og meg)
(Fugledansen)

Eg har stor kosa meg heile helga og berre spist god mat og kosa meg med venner. Vi hadde det super kjekt, sjølv om møta vart litt lenge av og til. Vi gledar oss allereide til neste gong i 2011!

torsdag 5. mars 2009

favoritt maten til Anika!

I dag har eg såtte å tenkt på kva mat eg likar best og kva mat eg et mest av iløpet av ei veke! Svaret var vanskleg å finne ut! Har tenkt hard på det masse i dag då eg ikkje har klart å konsentrert meg på skulen (særleg i matte timen, sidan eg IKKJE forstår noko av det som står der omtrent, før eg fekk hjelp!) eller berre då eg gjekk rundt i "Gata" å venta på amma Torill (Besta). Trur ikkje at eg har funne det heilt ut enda eigentleg.

Det er så mykje er godt, særleg når det kjem til middag. Middag er definitivt favoritt måtidet mitt, utan tvil! Kansje fordi at det er mest variert frå dag til dag, og eg synst at det er meir smak på middag enn frukost, lunch og kvelds. Sååååå, eg trur at favoritt middagen min er.. hmmm... Sann kjøt i omnen me chips og "gulesaus"(bernaisesaus) sann som mamma bruka å lage, eg trur ho kalla det "Fattimans steik" eller noko sann, også er det ein islandsmiddag, viss eg ikkje har høyrt feil! Også er eg faktisk veldig glad i risengrynsgraut! Det er såååå godt! I tillegg til gode salata og sommar mat! Nam nam naamm! Vart litt svolta her eg satt eg! 

Det eg et mest iløpet av ein dag trur eg faktisk er brødmat eller isberg salat! Isbergsalaten går eg ofte å maular på etter skulen før eg tek meg ei skive. Den er så god på smak, særleg med litt agurk og paprika! YUMMI YUMMI! Og det er MYKJE betre enn brød. Eg er IKKJE glad i brødmat i det heile tatt eigentleg, men eg et jo det også såklart, eller bollar er eg VELDIG glad i! meir glad i knekkebrød, cornflakes, yougurt og salat. hihiihih. 
Har du noko favoritt rett, og kva?