Mamma fortalte at eg hadde fått ein sjukdom på eit innlegg for ikkje så lenge sida. Det stemmer, og eg tenkte at dokke kan få vite kva sjukdom det er. Den heiter Ulcerøs Kolitt, det kan ver ulike grader i den slik eg har forstått det. Når eg først fann ut at eg hadde det vart eg ganske lei meg, men sida eg ikkje hadde våre til undersjøkelse enda, så var det ikkje heilt sikkert at det var Ulcerøs Kolitt. Men alle symtoma eg hadde peika til den sjukdomen.
Sjukdomen er ein kronisk betendelse som rammar tjukktarmen, det kan variere kor betent det er, og det er ikkje alle som har slik at heile tjukktarmen er betent. Men det hadde eg, men det var berre ein svak betendelse i heile. No går eg på tablettar som hjelp veldig mykje, og dei skal eg fortsette å gå på. Dei gjer slik at den ikkje blussar opp, og den beskyttar ogso tarmen mot kreft og andre ting.
Dei er endå usikker på kva som gjer slik at vi får sjukdommen, men dei trur at det er slik at immunforsvaret reagerer på eit virus eller ein bakterie og dei utviklar seg antistoffer som ved eit uhell kan angripe cellene i tarmen, det gjer slik at det blir ein kronisk betendelse.
Det kan ogso oppstå oppblussingar av sjukdomen, det kan kome av psykisk stress eller andre sjukdommar, men det er ikkje dette som gjer slik at vi får sjukdommen.
Det her blir ein sjukdom eg må leve med resten av litet mitt, men det trur eg eigentlig går bra, det kunna ha våre mykje verre, og eg er heldig som berre har ein svak betendelse. Men eg må såklart leve med dette, og avogtil blir det kansje litt trasig, men eg trur nok at eg skal klare å tilpasse meg det. Eg vil takke mamma for det ho sa om meg på bloggen hinna, det var utrulig rørande, og eg merkar at eg synst at det er vanskeleg enda, men eg skal ver sterk når eg merker at eg føler meg litt ned på pga sjukdommen. Og eg trur ikkje det er ein einaste ting eg ikkje kan gjer, eller eg har ikkje funne noko enda. I morgon får eg vite oppgåva mi til prøve eksamen i muntlig!!! Eg kom opp i samf.fag til prøvemuntlig, og er ganske spent!
Wish me luck:)