tirsdag 23. juni 2009

Sommarferie!

NO HAR EG ENDELIG SOMMARFERIE!  Det vart ein del grining på skulen i dag, men det var nesten ei selfølge. Også vart det litt ekstra sida Ola skal flytte å sann ogso, så det vart veldig trist. 

I morga skal eg, Silje og amma reise til Tysland, og i overimorga reise vi til Paris!! IIIII! ej gleda mej noke sinnsjukt masse no! No må ej berre pakke frå mej å alt de der:) So skal vi sove godt før vi skal reise :) 

So no blir ikkje de meir blogging på ei stond, kansje ej kjeme innom viss ej finne internett en plass på hotelle i Paris!:)

GO SOMMAR!

torsdag 18. juni 2009

Gollis har blitt ett år

Gollisen min Tryggve er endelig ett år! Tenk at han har blitt så stor på så kort tid! Han har forrandra seg så mykje, men han er like sjønn nå som då han vart fødd. Han er ein ekte sjarmør rett og slett! Ingenting anna å sei om den saka! 
Eg kan omtrent ikkje tru at han berre er ein mnd på dette bilete! Sjå kor stor og sjønn han allereide ser ut! Og kor utruleg sjønn han har blitt! Eg trur at han der blir ein ekte sjarmør når han blir stor ivertfall!

tirsdag 16. juni 2009

Sweet sixteen

Tusen takk for alle søte helsingane på bloggen min! Eg har hatt ein flott tur med klassa mi på klassetur. Eg har blitt sunge til og fått mange klemmar og gratulasjonar!  
Eg kan nesten ikkje tru det sjølv at eg har blitt 16 år, det følest liksom ut som om eg er 15 år enda. Men på ein måte føler eg meg meir voksa, eg kan starte å kjøyre nå, lærekjøyre, eg har meir rett til å bestemme når det kjem til kven eg vil vær mest med av foreldra mine, og mykje anna spennande som skjer når eg er 16. Som at eg er ferdig på ungdomsskulen, og at eg ikkje er tenåring lenger (eller eg vil ikkje kalle meg det lenger).  I dag har våre ein super dag, eg kom heim frå bowling (der eg vann)  for å kvile litt før enn pappa og dei kom heim, då alle hadde kom heim, fekk eg ein eksternhadisk på 1 terra (som e veldi masse vissnok), med Ola fekk eg sesong 1 og 2 av ei av favoritt seriane mine, Desperate housewives/frustrerte fruer/fruene og ei rosa rose, med Torkil og Mathilde fekk eg ei flott Hello Kitty klokke, og med Tuva fekk eg ei babuska og nokre sanne som bilder kan stå på (veit ikkje kva dei heiter). Også har eg fått mykje anna fint,  som med mamma, med ho fekk eg ein bluse, eit armeband og eit hårband. Tenkte at eg skulle legge ut bilete av det seinare.
I morgon har Tryggve Hjörtur bursdag, då kjem det sikkert eit lite innlegg. så eg skal blogge litt betre om klasseturen etter det! 
Men eg ville berre sei TUSEN TAKK for alle dei søte og flotte gratulasjonane!

mandag 15. juni 2009

Tuva golle mitt er 4 år!

Huff kor tida flyg! No har lisje jenta te storesystra blitt heile 4 år! Eg synst ikkje at det er sålenge sida eg var 11 år (nesten 12) og spent på å sjå det lille vedunderet! Og tida går såå fort! Eg kan nesten ikkje tru det sjølv. Til hausten er ho nest størst av barna i barnehagen, og ikkje så lenge til ho er ei stor skulejente. Eg får nesten klomp i halsen av å tenke på kor stor ho har blitt det siste året, ho har vokse så mykje, lært så mykje meir, snakkar, spør og grubblar. Ho er så utruleg hærlig å ver ilag med, ho er så søt og snill.

GRATULERER MED DAGEN LISJE SNUPPA MI!

torsdag 11. juni 2009

EKSAMEN=FINITO!

Det er så deilig å tenkt på at eg faktisk er ferdig med alt det viktige på undomsskulen! Nå er det berre 12 dagar igjen til ferien, og ej kan ikkje vente omtrent! Eksamenen gjekk veldig bra, og eg fekk den karakteren eg rekna med, alså 5. Eg visste eigentleg at eg kom til å få det, sida eg har hatt 5 i engelsk sidan 9.klasse omtrent! Men så er jo det den nest beste karakteren, så det er jo kjempe bra! 

Vi fekk karakterane våra for nokre dagar sidan, og eg vart heilt imponert! eg hadde 6 5'arar og 7 4'arar og berre EIN 3'ar! Eg vart så utruleg glad, og snittet mitt er nesten eit heilt tal høgare! Nå har eg cirka 5 i snitt, før hadde eg berre 4. Det er deilig å tenke på at eg er ferdig nå. På mandag skal vi på klasse tur og vi kjem heim dagen etter på, alså på min bursdag(får håpe på flott vær ikkje ikkje sann regn som nå)! Deretter skal vi på Bowling og ete pizza på Mamma Mia i Ørsta mest sannsyleg. Etter det er det berre å ta det med ro på skulen og slappe av heilt! 

I sommar skal eg mykje, og det er berre 13 dagar til at eg, bestemora mi og bestevenninda mi reiser til Tysland, og berre 14/15 daga til vi reiser til Frankrike! Og det er berre knappe 4 veke til eg skal til det vakkre landet i nord, Island. Der skal eg og Torkil vær i 3 heile veke! Og eg kan omtrent ikkje vent! Eg gledar meg såååååååå mykje! Og etter vi kjem heim der i frå, blir eg sikkert berre heime, eller kansje eg dreg til Stavanger med Ola då han skal flytte i August.. Men det får eg sjå ann! Eg veit ivertfall at eg får ein flott sommar med mange nye opplevelsar og koslige stunder! 

mandag 8. juni 2009

EG KOM OPP I ENGELSK TIL MUNNTLIGEKSAMEN!!!!!!!!!!!! No gjennstår det berre å øve... Eg og Silje skal gå opp i lag, og det går sikkert kjempe flott, sålenge vi klarer å øve frå oss og lage presentasjonen ferdig. Vi fekk vite det i dag klokka 09.00 cirka, og vi vart utruleg glade for at vi kom opp i engelsk, og det var det eg håpte at eg og Silje kom til å kome opp i! Ola kom faktisk også opp i engelsk, men han fekk ikkje same oppgåva som oss. Oppgåva vi fekk heite "Our inner and outer selves", og vi trur at det kan bli ganske bra når vi er ferdig. Vi skal skrive om koffor vi ungdomma ikkje vil bli voksne, men alikavel vil det på eit vis. 

Ønsk oss lykke til til Onsdag klokka 10.10 :)

mandag 1. juni 2009

tenkte at eg skulle skrive litt på seine natta..

Ja, eg klarer ikkje å sovne, mest fordi at eg sitt på msn, men ogso fordi at eg skal skrive rapport til eit musikk prosjekt som skal framførast på tysdag..+ at eg orka ikkje å legge meg ned å sove.. No har eg hatt prøve eksamen, den hadde eg på fredag, og det gjekk utrlig bra! eg fekk ein klar 5'ar sa læraren min, og eg vart strålandes glad! Eg og venninda mi hadde jobba hard i nesten 2 dagar, og vi var begge utmatta og leide av å lese og skrive om han Mao Zedong og Kina på 1900-talet. Men det var det vi ville ha om, så vi var heldige! No står det berre den "ekte" igjen, som ikkje skal vær før enn 10. og 11. Juni, ikkje så lenge til, men lenge nok. Eg trur at det kjem til å gå utrulig bra, og håpar på det beste!Vi har fått eit strålandes vær her i Volda no, og på 2 dagar har eg blitt brunare enn eg nokon gong har våre i Mai! Eg trur at det nesten har våre 30 grader i sola, og dagane har gått i å vere på badestranda å sole meg (eg har tilogmed bada! men det var kaldt!!), gå å tynne klede og kose meg med kjæresten min ute i sola! Det har våre så flott no at eg har glømt alt som har med skule og eksamen, heilt til i dag, då eg kom på at eg måtte skrive rapport...

Eg vil ogso berre takk for alle komentarane eg fekk på det andre innlegget mitt om Ulceriøs Kolit. Eg veit godt at det er lett å leve med, sidan eg veit om andre i familia som har det, som eg har arva det frå mest sannsynleg.  Men takk for komentarane både på mamma sin blogg og min. Ha ei flott veke alle sammen!