Dagen starta med at eg fekk sjå at Noreg vann overlegent Eurovision, noke som var super kjekt! Og noke som va ogso bra var at Island kom på 2.plass! So begge landa mine vann på ett vis! Super kjekt!
Om morgonen møtte eg opp ved Sjukehuset i Volda for å stille opp til toget! Eg spelar i korpset, så eg måtte ha på meg uniform dei 2 første timane av dagen ca. Vi gjekk ei lita runde alle sammen som skulle gå i toget! Og det var eigentleg heilt greitt, litt varmt, men skal ikkje klage no når det har blitt varmt edelig. Resten av dagen hadde eg på meg bunad og kosa meg med venner, sukkerspinn, god mat og gjekk i folketoget! Det var ein super kjekk dag, med ein utruleg varme, trur aldri at det har våre så varmt på 17.Mai nokon gong. Og eg kosa meg masse ilag med den gode og snillde kjærasten min!
Koprset i full action i folketoget!
Torkil går ilag med fottball klubben i folketoget
----------------
Men eg kjendte at det var godt når dagen var over, eg var så trøtt at eg forsov meg dagen etter på! Heldigvis kom eg presis til skulen!PUH!
I dag har eg framført Show and tell oppgåva mi i engelsk, den går ut på at vi skal velge en ting/ein person å vise fram tingen/personen og fortelje om han/ho/det. Eg hadde om Ola, og eg vart kjempe fornøgd med framføringa mi! Det gjekk super bra, så nå håpar eg på ein flott karakter som kanskje dokke her i bloggverden får vite?! :) Ha ei flott langhelg alle sammen, og kos dokke like mykje som dissa to søte fuglane gjor på 17. Mai!
Pappa og meg
Mathilde, Torkil og meg
Oddny og Mathilde i fjøra
Fleire sandslott
Ut mot havet









