tirsdag 24. mars 2009


Ville berre vise dokke nokre bilde av meg og kjæresten min. Eg er så utrulig glad i han, og til hausten skal han flytte til Stavanger for å gå på skule. Det blir sikkert vanskelig i starten, men eg trur at vi kjem til å klare det! Det blir spennande! Eg er kjempe glad på hass sine vegne, for eg veit at han virkelig hadde lyst å kome inn!

mandag 16. mars 2009

flott helg på Alexandra hotell!

I helga var eg og 5 andre jenter frå Volda skulekorps på noko som vart kalla Nordvestkonferansene 2009/ungdomskonferanse. Det var til laga for oss som spela i korps, og dirigentane. (Slik eg har forstått det!) Vi kom fram i 11-tida om morgonen etter ein heilt OK biltur. Eg og Silje fekk rommet vårt først, dei andre måtte vente i fleeeiree timar før enn romma deira var klare. Då vi såg rommet vårt vart ivertfall eg overraska over kor flott det såg ut, stor seng, fint bad, TV og DEEEEEEEEN UTSIKTAAAA! Det trur eg var noko av det beste med heile rommet. vi hadde rom nr 615, og utsikta var rett ned på bassenget! Heilt utrulig flott.Den første konferansen vi var på handlet om korps og korpsånd, korleis vi kunne få eit betre korps, kva vi tenkte om vårt korps og mykje anna om korps. Ho som holdt foredrag/snakka sa mykje om dei ulike tinga og vi fekk vel ein del å tenkje på. Seinare på dagen skulle vi også finne positive og negative ting med korps, og mykje slikt! Det var igrunnen veldig kjekt og lærerikt. Etter ei 2 tima lang økt fekk vi oss lunch, TACO OG IS! Vi var super glade for kva dei hadde og åt myyyykjee! Etter at vi hadde fått ei 3 kvarterpause måtte vi fare å høyre på meir. alt var igrunnen spennande, men litt langt av og til.Og tilslutt! klokka 18.30 var vi ferdige! Då sprang vi heile vegen til rommet, henta badekleda og fann badeområdet og omtrent kasta oss ut i bassenget! Der var vi heeeilt åleine i ein time! Det var super deilig og vi stooor kosa oss! Etter det var det god middag med enda betre dessert (koldtbord), og deretter dicsotek, som var sann heilt OK, ikkje akkurat heilt super musikk, men det var jo kjekt! Resten av kvelden/litt av natta satt vi på rommet til Idunn og Maria å kosa oss før vi tok å gjekk til romma våra å la oss for å sove. For dagen etter måtte vi tidlig opp!  Vi kjøpte oss barnedrikar på dicsoteket! (Maria, Svanhild og meg)
(Fugledansen)

Eg har stor kosa meg heile helga og berre spist god mat og kosa meg med venner. Vi hadde det super kjekt, sjølv om møta vart litt lenge av og til. Vi gledar oss allereide til neste gong i 2011!

torsdag 5. mars 2009

favoritt maten til Anika!

I dag har eg såtte å tenkt på kva mat eg likar best og kva mat eg et mest av iløpet av ei veke! Svaret var vanskleg å finne ut! Har tenkt hard på det masse i dag då eg ikkje har klart å konsentrert meg på skulen (særleg i matte timen, sidan eg IKKJE forstår noko av det som står der omtrent, før eg fekk hjelp!) eller berre då eg gjekk rundt i "Gata" å venta på amma Torill (Besta). Trur ikkje at eg har funne det heilt ut enda eigentleg.

Det er så mykje er godt, særleg når det kjem til middag. Middag er definitivt favoritt måtidet mitt, utan tvil! Kansje fordi at det er mest variert frå dag til dag, og eg synst at det er meir smak på middag enn frukost, lunch og kvelds. Sååååå, eg trur at favoritt middagen min er.. hmmm... Sann kjøt i omnen me chips og "gulesaus"(bernaisesaus) sann som mamma bruka å lage, eg trur ho kalla det "Fattimans steik" eller noko sann, også er det ein islandsmiddag, viss eg ikkje har høyrt feil! Også er eg faktisk veldig glad i risengrynsgraut! Det er såååå godt! I tillegg til gode salata og sommar mat! Nam nam naamm! Vart litt svolta her eg satt eg! 

Det eg et mest iløpet av ein dag trur eg faktisk er brødmat eller isberg salat! Isbergsalaten går eg ofte å maular på etter skulen før eg tek meg ei skive. Den er så god på smak, særleg med litt agurk og paprika! YUMMI YUMMI! Og det er MYKJE betre enn brød. Eg er IKKJE glad i brødmat i det heile tatt eigentleg, men eg et jo det også såklart, eller bollar er eg VELDIG glad i! meir glad i knekkebrød, cornflakes, yougurt og salat. hihiihih. 
Har du noko favoritt rett, og kva?

torsdag 26. februar 2009

Drømmeferien min

Drømmeferien min...

Varme, sol, blå himmel, kjærlighet, flotte kveldar og god mat er stikkorda!

Eg er glad i ulike salata, så ein plass med god salat er alltid toppers! Trur også at eg vil fare til litt varme strøk enn lille, hall varme Norge. Veit ikkje heilt kor i verden, men en fin plass. Vakkre Italia, romantiske Paris eller flotte Hellas høyrest flott ut! eller kansje noko meir idyllisk? Eg har aldri våre i Hellas eller Frankrike, men folk sei at det er fint der, så eg stolar på dei also. Eg har jo sett bilder frå dei to landa og då har jo eg eit lite syn på korleis det kan sjå ut der, så eg stolar på bilda og menneska. Trur ikkje at eg kan få drømmeferien min til virkelighet før enn om nokre år, fordi at eg vil ta med Ola! Og vi er jo berre 15 år enda(snaaart 16!).

Men tilbake til drømmeferien min! Flotte strende, palmesus en å dele ett tomans bord med ein sein kveld, stearinlys, god mat, sol, varme, romatikk og kjærlighet! TOPP, TOPP, TOPP! Det hørest midt i blinken ut for meg! Heilt perfekt. Serlig viss det er med Mr.One, om du forstår kva eg meinar..? Isofall, kvite strende så langt du kan sjå (uten selgarar), IIIIIIIIH! Teke å pakka kofferten eg! Og sitte på eit teppe opp på eit svaberg når sola går ned i armkroken til Mr.One, IIIIH! Okey! I'm SO in. So enkelt å greit also, no problemo. Høyrest heilt supert ut det! Og i tillegg til ditta supre her, so ligg det ein super koslig og romantisk resturant, eller ka man kan kalle det, rett rundt hjørnet med verdensbeste salat! Synst det høyrest veldig bra ut eg. Den ferien kan eg godt tenke meg å fare på.

Kan ikkje du ?

(bilder frå google)

-------

I dag:

I dag starta dagen min med at eg skulle gå ned trappa fordi at eg skulle passe han Tryggve ei lita stund. Og då mamma var på vei ut døra so gjekk eg ned trappa og datt dei siste trappetrinna! noke låkare måte å våkne på har eg ikkje våre bort i also! fekk veldig låkt i venstrehanda mi. og såg etter kvart at eg hadde fått DET blåmerket. Det ser ikkje fint ut i det heile tatt igrunnen. Først var det berre litt raudt, også vart det blå/lilla som det er nå, med eit lite hint av rosa. haha. Får håpe at det forsinner fort. 
Ellers har dette har våre ein sløv dag, som dei fleste dagane blir i ferien. Men eg har våre på gå tur med lille Tryggve Hjörtur, sjønningen vår! Tok bilder av våren som har starta å kome, skal legge ut bilder neste gang eg skriv fordi at eg har ikkje lagt dei inn på dataen min endå. 

lite å blogge om

Kattepusen vi he me pappa'en min!

Ej he komt inn i ei periode de ej he lite å blogge om. Veit rett og slett ikkje ka ej skal blogge om. (sorry for at ej skrive på dialekt). Veit ikkje ka ej skal finne på å blogge om i de heile tatt!
He prøvd å finne på noke spennande, men de e ikkje so masse spennande som skjer no for tida Og serlig ikkje sida de e ferie. då trur ej de sjer minst also, allti lite å finne på, og de går nesten berre i soving og sløving!!

Hadde våre kjekt me noken idea om ka ej kan skrive om, kansje ej fe litt meir bloggelyst igjen da! Legg gjerne igjen ett lite tips eller noke sann:)(0g ej skal skrive på nynorsk igjen, so fort ej finne noke spennande å skriv om)

HA EN FLOTT TORSDAG!

søndag 22. februar 2009

GOOO SØNDAAAG!

HALLOEN!
I dag regna de som berre de! og de e egentli veldi kjedeli, men ka kan man gjer? Ikkje noke rekna ej me. Men uansett om være e so dårli som de e, og ej ikkje fe tatt den sykkelturen ej tekte ej skulle ta, so e ej i topphumør! Heilt suupeeer humøør! veit ikkje heilt koffor egentli. bruka ikkje å vere de når de regna sann ute. kansje de e fordi at ej høre på den nyyydelige sangen frå twilight? I think soo! Den eso fin. berre piano speling, men.. aaakkk.. den e so nyyydeli! so ej måtte berre legge den ut ej :) den e so fine! Håpe du tek dej tida til å høre på den:) 

som sagt so e sangen frå filmen Twilight, den handla om ei jente, Bella, som flytta til en ny plass, der blir ho kjendt me en som heite Edward Cullen. Ho finne ut at han ikkje e heilt sann som dei andre ungdomane, og prøva å finne ut ka de kan vere, men han vil ikkje fortelle de. Men ho finne de ut sjølv, då blir ho litt redd virka de som, men ho e ikkje redd han. han e en vampyr og han e gal etter ho. Dei blir ilag etter kvart og de heile e veldi romantisk og søtt! De oppstår nokre problem her og der, men dei løyse sej allti, HELDIGVIS! ej vart heilt betatt av filmen og han Edward Cullen. No gleda ej mej til 2'aren kjeme!

fredag 20. februar 2009

Rydding, ferie og Jane Austen


Ej he ogso bjundt å lese Jane Austen, Stolthet og fordom(prede and prejudice). Ej elska filmen, ogso he vi lese prosjekt i engelsk spv(språk val), og ej hadde INGEN aning om ka ej skulle lese. Heligvis fekk ej hjelp av den snille læraren min, Bjørn, og han kom på at ej kunne lese dei, sida ej lika å lese om kjærlighet og elska filmane hinna. då skal ej først lese den på norsk, ogso på engelsk ogso sjå filmen! De synst ej va veldi smart also;) Ogso skal ej sammenligne dei me kvarandre og finne ut ka som e likt/ulikt. Eg er utrulig glad i Jane Austen  filmane, som Pride and Predjuice og den unge Jane Austen. Så det blir kjekt å  lese boka også!

I dag så har eg rydda rommet mitt før ferien! og det var på tide also! Va litt veldi rotete jah. De brukte eg fleire tima på, også fekk eg ein stol ned slik at det blir plass til alle vennane mine når ej skal ha filmkveld på mandag. Då kjem de heile 7 stk trur ej! Ej, Silje, Iris, Hege, Elise, Elise og Silje Karin trur ej de blir. so de blir jo kjekt.

Stolen ser du på bilde, men som e innepakka i to pledd og pute sann at den skal bli deili å sitte i ;)  
EGENTLI e den grønn, og de gjer egentli ikkje noke, men den va litt fine sann ogso synst ej. Ogso i stolen sitte bamsen ej fekk i bursdagsgåve me Ola, og bamsen ej fekk i valentinegåve me Aja Harald (besten). Viss du ser litt godt etter skal du ogso sjå en sakkosekk. men den e overdekkt med puter! Hahaha! Men den e grei å ha når eg har mykje besøk å sann. 

No he no ej hele ferien på mej å lese, so ej rekna me at de skal gå bra!
Ellers skal ej berre Chille(slappe av), sove, kose mej heime, lese, vere me venna og finne å noke kjekt! Ei veke går fort, so ej skal prøve å benytte tida so godt ej kan!

Håpe at alle sammen fe ei flott helg og ferie!! 

søndag 15. februar 2009

Søndag

I går så var eg programledar/konfransier på UKM Volda ilag me Ola og ei som heite Jenny! Det har eg grudd meg til lenge, men det gjekk heilt stålandes! Eg var litt nerøvs heilt først, men når eg ikkje såg nokon av folka som satt i salen så gjekk det bra.
Det var utrulig gøy!

Dokke skal få sjå bilde frå dagen då ej fe noken :)
----------
Her er nokre ting som eg har laga. Eg skal gi dei til storesøstra til Ola som nettopp har fått ei søte lita jente! Tinga skal eg sende med han Ola når han reiser til ho i Vinterferien neste veke.  


mandag 9. februar 2009

Sjuk, sjukaer, sjukast!

SÅÅÅÅÅ fint vær er det i Volda! og eg, eg er sjuk! :/ Men eg føler meg frisk nok til å sitte på dataen å legge ut ditta bilde og sjekke epost o.l.

Her har snøen komt og det har blitt riktig koselig! håper at den ligger ei stund på før enn den forsvinn igjen. 

Håper at alle får ei flott Februar veke!

fredag 6. februar 2009

Skule og ungdom

I dinna veka har vi hatt om ungdom og seksualitet i Naturfag og RLE (religion, livssyn og etikk), det skal vi ha dei to nesten vekene som kjem også. Det har våre ei riktig spennande veke egentli, men veldi travel ogso. Det er mykje å gjer på skulen fortida, mange innleveringar og alt for mykje lekse! Eg har ikkje ein gong blitt ferdig med alt, og då er det gale.
Men eg har fått igjen 2-3 ting i norsk og engelsk som eg har skreve. Norsk bokmålstil(den som var på bloggen min) 5-, Norsk bokmelding om MAX MANUS 4/5(viss eg ikkje tek feil) og Engelsk bookreport framføring 5-! Ej vart so glade! ja! ogso samfunnsfagprøva om Kommunismen i Mao si tid, den fekk eg 4 på! WEEEE, eg vart så glad! Um.. Norsk diktanalys også ja! haha, mykje å halde styr på, den fekk eg 4+ eller 5- på. Berre bra karaktera hittil. Håper at det helde seg sann.

UNGDOM, det ordet sei mykje eigentleg. Ungdom.. hm.. Nokre likar ikkje ungdommar og er redd dei, nokre føler det ikkje slik, og det har eg alltid synst har våre litt rart. Tenk at nokre kansje synst at eg og vennane mine er skummle, det er merkelig å tenkje på. Men det var ikkje det eg eigentleg tenkte på. Sidan vi har om Ungdom og seksualitet i naturfag har eg tenkt meir og meir på det å vere ungdom, og at det er meir enn berre ein tilstand og ein alder. det har så mykje innhald! så mykje spennande og nytt. mykje eg aldri har tenkt over. Som alle rollene ungdom har, ei rolle på skulen blandt lærarar, ei blandt eleva, ei blandt dei eldre, ei blandt foreldre og ei blandt venner. Eg trur ikkje at eg har sjå mange roller eigentleg. Eg er meg sjølv, kansje litt annaleis no og då, men ikkje slik at eg tenkjer over det.
Men eg, som storesøster er eit forbilete for småsøskena mine reknar eg med, det merkar eg på Tuva spesiellt og litt på Mathilde også har eg merka. Viss eg har på meg noko Tuva synst er flott vil ofte ho også ha på seg noko lignande, og viss eg sei YEEE! til Mathilde sei ho det same tilbake. Så som storesøster har eg ei rolle, eg må vere eit godt forbilde for søskena mine.
Eg har sikkert ei rolle som datter, den eldste dattra vel og merke! Eg må ta meir annsvar enn dei mindre, som er sjølvsagt eigentleg. Eg skal heldst vere hyggelig og hjelpe når det trengst, dei må kunne stole på meg og ha tillit til meg og eg synst at det er viktig at vi har eit godt forhold til kvarandre. Og eg kan sei at eg synst at eg er flink til å fylle rolla som datter. Sjølv om eg kan finne på litt tull og leven tiltider!
Rolle som ein bestevenn og venn. dette er ei stor rolle, og dei er ikkje så ulike dei ulike tinga. som bestevenn må eg vere til å stole på, vere der for vennen min, snill, ærlig, hyggelig, lojal og rett og slett vere ein venn uansett kva! mykje av dette er likt på klassekamerat, men der må eg også ver samarbeidsvillig.
Kjærast har alle desse punkta også, men som kjærast må eg også gi rom til kjærasten min, noko som ikkje alltid er like enkelt! hehehe. eg må også vere kjærstete, ikkje for klengete, men alikavell vise at eg bryr meg. 

ERGO! det er mykje å halde styr på når man er ungdom, særleg med så mange roller! det er sikkert fleire, men eg orkar ikkje å nemne alle. Og i alt dette herjar hormonar og følelser som galne dyr inni oss! Det er så mykje som sjer med kroppen og utsjånaden og oppførselen! alt blir heilt nytt, det blir nesten som ei ny verden for ei stund. 
Opp i opp, så er ungdomstida er suveren tid. det synst eg ivertfall!:)

GOD HELG!