torsdag 14. mai 2009

HELG!

I går hadde ej eksamen! Og den gjekk veldig bra!  Og det vart mykje lettare enn det eg hadde trudd at det kom til å bli. For det første så var tentamenen vi hadde vansklegare enn eksamenen, og for de andre så hadde eg ein god dag trur eg. 

Eg vil også takke alle som tenkte på meg då eg satt å rekna. Tusen takk, og eg trur at det hjalp veldig mykje! 

Imorgon får vi helg, pga. engelskeksamen! Så då skal eg sove litt lenger, fordi at i dag har eg våre ganske trøtt og sliten! Eg sovna faktisk då eg skreiv Bookreporten/bokmeldinga som ej må levere inn på tysdag. I morga kjem også Ola, fordi at vi skal jobbe med Show and tell, det er ei oppgåve i engelsk som alle i 10.klasse har. Eg skal ha om Ola, så han må nesten vere der når eg skal finne ut noko å sei om han! Gledar meg! 

--------

Måtte berre ha eit bilde av ei lita stor solstråle!

Også skal eg fortelje dokke kor heldig eg var i går! Eg opna opp all posten eg hadde fått, også hadde eg vunne i ei konkuranse! eller ikkje førstepremie, men eg hadde vunne! Og eg vann eit gåve kort på 500 kr! Gjett om eg vart glad då! Det var veldig kjekt å vinne noko sant. Og kortet går ikkje ut før enn om 3 år. Dei pengane skal eg bruke på noko eg virkeleg har lyst på. 

Og som om ikkje det var nok, så fekk eg blomster med pappa, Oddny, Mathilde og Torkil. flotte rosa roser! Som gratulere for at eg var ferdig med matteeksamenen. Kjempe kjekt å få. Dei står no flott på nattborde mitt og sprer god lukt over heile rommet! 

Og i dag fekk vi tilbake ei RLE prøve som vi hade for nokre veker tilbake, eg vart så glad når eg såg resultatet! Kor kjekt det var! eg fekk 5+!!! Og det var tilogmed ei prøve eg var litt usikker på! Og eg var berre 3 poeng frå fullpott..! åå kor stolt eg vart! Og heldigvis kunne eg om Jobs lidningar, Paulus/saulus/Saul og mykje anna i Bibelen! Vart so stolt!

2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Du er så fantastisk flink go`jenta mi. Eg er så utrolig stolt av deg.
Og gratulerer med blomster og gåvekort. Det fortjente du.

I dag var vi i frikyrkja og traff mor til Olav kompisen til Ola, det var kjempe koselig.
Så måtte eg til legen for i går tråkka eg på en rusten spikar, så det blir vont å gå i toget i år :)

Fint bilde av soljenta vår.
Ha en fin helg gullet mitt, savna dokke og vi sjåast på 17 mai.
Klem Mamma

amma sa...

Til hamingju með prófið Anika mín gott að allt gekk vel.
Tuva er flottust með blómakrans.
Klem amma.