GRATULERER MED DAGEN LISJE SNUPPA MI!
mandag 15. juni 2009
Tuva golle mitt er 4 år!
GRATULERER MED DAGEN LISJE SNUPPA MI!
torsdag 11. juni 2009
EKSAMEN=FINITO!
Vi fekk karakterane våra for nokre dagar sidan, og eg vart heilt imponert! eg hadde 6 5'arar og 7 4'arar og berre EIN 3'ar! Eg vart så utruleg glad, og snittet mitt er nesten eit heilt tal høgare! Nå har eg cirka 5 i snitt, før hadde eg berre 4. Det er deilig å tenke på at eg er ferdig nå. På mandag skal vi på klasse tur og vi kjem heim dagen etter på, alså på min bursdag(får håpe på flott vær ikkje ikkje sann regn som nå)! Deretter skal vi på Bowling og ete pizza på Mamma Mia i Ørsta mest sannsyleg. Etter det er det berre å ta det med ro på skulen og slappe av heilt!
I sommar skal eg mykje, og det er berre 13 dagar til at eg, bestemora mi og bestevenninda mi reiser til Tysland, og berre 14/15 daga til vi reiser til Frankrike! Og det er berre knappe 4 veke til eg skal til det vakkre landet i nord, Island. Der skal eg og Torkil vær i 3 heile veke! Og eg kan omtrent ikkje vent! Eg gledar meg såååååååå mykje! Og etter vi kjem heim der i frå, blir eg sikkert berre heime, eller kansje eg dreg til Stavanger med Ola då han skal flytte i August.. Men det får eg sjå ann! Eg veit ivertfall at eg får ein flott sommar med mange nye opplevelsar og koslige stunder!
mandag 8. juni 2009
Ønsk oss lykke til til Onsdag klokka 10.10 :)
mandag 1. juni 2009
tenkte at eg skulle skrive litt på seine natta..
Eg vil ogso berre takk for alle komentarane eg fekk på det andre innlegget mitt om Ulceriøs Kolit. Eg veit godt at det er lett å leve med, sidan eg veit om andre i familia som har det, som eg har arva det frå mest sannsynleg. Men takk for komentarane både på mamma sin blogg og min. Ha ei flott veke alle sammen!
tirsdag 26. mai 2009
Ulcerøs Kolitt
Mamma fortalte at eg hadde fått ein sjukdom på eit innlegg for ikkje så lenge sida. Det stemmer, og eg tenkte at dokke kan få vite kva sjukdom det er. Den heiter Ulcerøs Kolitt, det kan ver ulike grader i den slik eg har forstått det. Når eg først fann ut at eg hadde det vart eg ganske lei meg, men sida eg ikkje hadde våre til undersjøkelse enda, så var det ikkje heilt sikkert at det var Ulcerøs Kolitt. Men alle symtoma eg hadde peika til den sjukdomen.
Sjukdomen er ein kronisk betendelse som rammar tjukktarmen, det kan variere kor betent det er, og det er ikkje alle som har slik at heile tjukktarmen er betent. Men det hadde eg, men det var berre ein svak betendelse i heile. No går eg på tablettar som hjelp veldig mykje, og dei skal eg fortsette å gå på. Dei gjer slik at den ikkje blussar opp, og den beskyttar ogso tarmen mot kreft og andre ting.
Dei er endå usikker på kva som gjer slik at vi får sjukdommen, men dei trur at det er slik at immunforsvaret reagerer på eit virus eller ein bakterie og dei utviklar seg antistoffer som ved eit uhell kan angripe cellene i tarmen, det gjer slik at det blir ein kronisk betendelse.
Det kan ogso oppstå oppblussingar av sjukdomen, det kan kome av psykisk stress eller andre sjukdommar, men det er ikkje dette som gjer slik at vi får sjukdommen.
Det her blir ein sjukdom eg må leve med resten av litet mitt, men det trur eg eigentlig går bra, det kunna ha våre mykje verre, og eg er heldig som berre har ein svak betendelse. Men eg må såklart leve med dette, og avogtil blir det kansje litt trasig, men eg trur nok at eg skal klare å tilpasse meg det. Eg vil takke mamma for det ho sa om meg på bloggen hinna, det var utrulig rørande, og eg merkar at eg synst at det er vanskeleg enda, men eg skal ver sterk når eg merker at eg føler meg litt ned på pga sjukdommen. Og eg trur ikkje det er ein einaste ting eg ikkje kan gjer, eller eg har ikkje funne noko enda. I morgon får eg vite oppgåva mi til prøve eksamen i muntlig!!! Eg kom opp i samf.fag til prøvemuntlig, og er ganske spent!
Wish me luck:)
tirsdag 19. mai 2009
17. Mai
Dagen starta med at eg fekk sjå at Noreg vann overlegent Eurovision, noke som var super kjekt! Og noke som va ogso bra var at Island kom på 2.plass! So begge landa mine vann på ett vis! Super kjekt!
Om morgonen møtte eg opp ved Sjukehuset i Volda for å stille opp til toget! Eg spelar i korpset, så eg måtte ha på meg uniform dei 2 første timane av dagen ca. Vi gjekk ei lita runde alle sammen som skulle gå i toget! Og det var eigentleg heilt greitt, litt varmt, men skal ikkje klage no når det har blitt varmt edelig. Resten av dagen hadde eg på meg bunad og kosa meg med venner, sukkerspinn, god mat og gjekk i folketoget! Det var ein super kjekk dag, med ein utruleg varme, trur aldri at det har våre så varmt på 17.Mai nokon gong. Og eg kosa meg masse ilag med den gode og snillde kjærasten min!
Koprset i full action i folketoget!
Torkil går ilag med fottball klubben i folketoget
----------------
Men eg kjendte at det var godt når dagen var over, eg var så trøtt at eg forsov meg dagen etter på! Heldigvis kom eg presis til skulen!PUH!
I dag har eg framført Show and tell oppgåva mi i engelsk, den går ut på at vi skal velge en ting/ein person å vise fram tingen/personen og fortelje om han/ho/det. Eg hadde om Ola, og eg vart kjempe fornøgd med framføringa mi! Det gjekk super bra, så nå håpar eg på ein flott karakter som kanskje dokke her i bloggverden får vite?! :) Ha ei flott langhelg alle sammen, og kos dokke like mykje som dissa to søte fuglane gjor på 17. Mai!
torsdag 14. mai 2009
HELG!
Eg vil også takke alle som tenkte på meg då eg satt å rekna. Tusen takk, og eg trur at det hjalp veldig mykje!
Imorgon får vi helg, pga. engelskeksamen! Så då skal eg sove litt lenger, fordi at i dag har eg våre ganske trøtt og sliten! Eg sovna faktisk då eg skreiv Bookreporten/bokmeldinga som ej må levere inn på tysdag. I morga kjem også Ola, fordi at vi skal jobbe med Show and tell, det er ei oppgåve i engelsk som alle i 10.klasse har. Eg skal ha om Ola, så han må nesten vere der når eg skal finne ut noko å sei om han! Gledar meg!
--------
Måtte berre ha eit bilde av ei lita stor solstråle!
Også skal eg fortelje dokke kor heldig eg var i går! Eg opna opp all posten eg hadde fått, også hadde eg vunne i ei konkuranse! eller ikkje førstepremie, men eg hadde vunne! Og eg vann eit gåve kort på 500 kr! Gjett om eg vart glad då! Det var veldig kjekt å vinne noko sant. Og kortet går ikkje ut før enn om 3 år. Dei pengane skal eg bruke på noko eg virkeleg har lyst på.
Og som om ikkje det var nok, så fekk eg blomster med pappa, Oddny, Mathilde og Torkil. flotte rosa roser! Som gratulere for at eg var ferdig med matteeksamenen. Kjempe kjekt å få. Dei står no flott på nattborde mitt og sprer god lukt over heile rommet!
Og i dag fekk vi tilbake ei RLE prøve som vi hade for nokre veker tilbake, eg vart så glad når eg såg resultatet! Kor kjekt det var! eg fekk 5+!!! Og det var tilogmed ei prøve eg var litt usikker på! Og eg var berre 3 poeng frå fullpott..! åå kor stolt eg vart! Og heldigvis kunne eg om Jobs lidningar, Paulus/saulus/Saul og mykje anna i Bibelen! Vart so stolt!
lørdag 9. mai 2009
Søndag..
Personeg er eg ikkje noko flink i matte, eller eg synst ikkje det, og det har gått gale sida 8.klasse med det faget, så det vart veldig trist å kome opp i matte. Heldigvis er det berre skriftleg. Så nå må eg berre øve og øve og øve. Det er berre det at eg føler ikkje for å øve, fordi at kvar gong eg har tenkt å leite fram matteboka, så hugsar eg at vi faktisk kom opp i matte. Så i dag skal eg ned til besteforeldra mine for å øve, fær dit ned i kveld, etter at pappa har henta meg og Torkil.
Og då blir det full guffe med pugging av formar og funksjonar! Også kryssar eg fingrane for at det skal gå bra! Eg er ikkje den einaste som slit med faget matte, så vi står saman.
Eg håpte at vi kom opp i engelsk, sida det er mitt sterkaste fag omtrent. Norsk er ikkje så gale helder. men matte.. ueeee.. GRUR MEG!
Wish me luck! ;)
søndag 19. april 2009
Flø tur!
Mathilde, Torkil og meg
Oddny og Mathilde i fjøra
Fleire sandslott
Ut mot havet
Sandslottet våra
Meg og MathildeDet var kjempe kjekt der. Vi lagde sandslott og tok masse bilder! Og utruleg nok blåste det nesten ikkje noko!
søndag 5. april 2009
GRAND PRIX VINNARAR!
litt av klassa(trur eg)Magedansarane dansar.
------
Den første dagen i veka sa alle at vi kom til å vinne, eller mange sa det, tilogmed lærarar. Ein komentar vi fekk var: "dokke e irriterandes flinke!" hahah, den likte eg altså. Og elevane til den læraren vann i fjor og kom på 4.plass i år.
Premien va penga ogso på 17.mai skal vi framføre nedi gata (sentrum) til mange folk. de trur ej blir kjekt! Gleda meg til det, men grur meg litt også da, såklart, hehe.
I nettavisa Møre hadde dei skreive :
"Ein heidundrandes kveld
Med flest poeng vart klasse 10A vinnarklassa med tema Egypt.
Torsdag var det duka for Melodi Grand Prix på Volda ungdomsskule.Ein kveld der alle var vinnarar.
Elleve klasser framførte kvar sin sjølvskriven song. Med kostyme, dans, skodespel og den rette lyssettinga vart det utan tvil Grand Prix steming. Etter mange flotte innslag og dommarvurdering vart det klasse 10A som gjekk av med sigeren denne forykande kvelden."
Pappa og meg