mandag 7. september 2009

Sur å lei av ditta her!

No skjer det for andre gong at bloggen min har mysta sidemenyen sin! Eg forstår ikkje kvifor det sjer heile tida! 

Så eg tar ei pause frå blogginga til eg veit om eg skal starte ein ny blogg eller berre bruke dagbokbloggen, trur eigentleg at ej kjem til å bruke den, så der kan dokke berre kjike innom ein gong i blandt. 

addressa til den er: http://anikakarensdagbok.blogspot.com/ 
Så der finn dokke meg. 

-Anika Karen

fredag 21. august 2009

I'm back!

Eg veit at eg ikkje har våre flink å blogge no i ferien, men eg har ikkje hatt lyst til å blogge! Eg har kosa meg sann, at eg ikkje har prioritert blogginga. No har skulane starta igjen, og eg går Helse og Sosial, HS1B faktisk. Ei kjempe kjekke klasse, me 15 jente og 1 gut. Og etter dei 3 dagane eg har våre på skulen no, har eg berre fått eit flott inntrykk av gjengen! So eg ser fram til ditta åre her, sida vi sikkert blir splitta neste år, etter valga vi skal ta.

I sommar har eg våre å reist MYKJE! som dokke sikkert har fått med dokke. Tysland, Frankrike, Norge og Island. Så eg var heime dei 3 siste vekene trur eg. So det har jo våre kjekt! Eg har sett mykje, opplevd mykje, hatt mange følelsar og kosa meg UTRULIG masse! Einaste som ikkje har våre kjekt va då han Ola flytta, det er 10 dagar sidan no, so det var ganske tøft i starten, men vi pratar jo i lag! Og eg skal besøke han i veke 41, i haustferien min! Han har ferie i veke 40, og då blir han i Volda.

 Notre Dame, flott!Eifeltårnet! Trur det var omtrent det eg gleda meg mest til å sjå! Utrulignok. Hehe, synst berre at det er så flott!
Då eg var i Tyskland og Paris, koste eg meg veldig, det vart litt for vamt nokre av dagane, men ellers var det kjempe kjekt å ha så flott vær! Ikkje EIN dag med regn! Ikkje EIN dag! Berre litt den dagen vi for heim. Men that's it! Paris var hærlig, Eifeltårnet, pariserhjulet, notre dame, bruene og alt det andre! Hadde våre betre med litt mindre varme, men det gjekk bra!Ein flott blomst med blomsterfluge på, i den koselige hagen.
Det her ser dokke kansje kva er? Jau, det er er baksida av Versailes, med litt av hagen og litt av slottet! Der inne var det heilt overvelvande!

Her er vi i Paris, eg hugsar såklart ikkje kva dinna heite, men flott er den!

Tykland var super kjekt! Amma(bestemora mi) viste meg og Silje ( bestevenninda mi) mykje spennade i Aachen, og eg har jo lært litt ivertfall, av det ho fortalte. Eg har møtt mange av vennane hinna, som er kjempe koselige, kjekke og heilt sjønne folk! Dei er så imøtekomande, og sjølv om eg ikkje kan snakke tysk, så hadde eg ikkje noke problem med å kommunikasere med dei. Sjønne og hærlige folk alle sammen! Eg tok såklart MANGE bilde! Dokke får berre sjå nokre få av dei bileta.

Pariserhjulet! Bildet er tatt gjennom bussruta, så det vart ikkje så bra...

Her er vi i Kölen, der tok vi elvebåt på rhinen, og der åt vi ogso middagen vår! Utrulig koslig plass å ete, sjølv om det var litt vagging.Koselig hage, til koselige folk! Det der var ein super fin og koselig hage! Nokre vennar av amma eig hagen, utrulig fin plass den låg også.
Inne i Kölendomen! Der var det utrulig stort! Og då vi var der, var det eit kor som sang der, utrulig spessiellt må eg sei! Vakker sang i ein vakker dom.
Berre nokre dagar etter at eg kom heim frå Tyskland for eg og Torkil til ISLAND, og det var kjempe kjekt også! Alltid kjekt å møte familie igjen! Der var vi i 3 veke, uten EIN dag med regn! Heilt utruleg! Det var kjempe varmt der, og sol, og eg kunne tilogmed ligge ute i bikini! og det sei sitt. Men det er alltid ein litt kald vind der, men de gjekk bra, fordi at det var ikkje så mykje vind i hagen vår. Eg må sei at eg har hatt 3 kjempe flotte veke der! Og det veit eg at Torkil ogso hadde! Han fiska MYKJE MYYYYKJE fisk, som vart til middagsmat! Og som i Tyskland og Paris, tok eg mykje bilder der ogso, men dei får dokke kansje sjå seinare.

fredag 31. juli 2009

Tokrkil og Jòn Steinar sin sang


VI LIKA IKKJE Å HOPPE RUNDT! HOPPE RUNDT!
MOROSAMT!!!

torsdag 9. juli 2009

Sommarferie

Eg kom heim på mandag, men føler ikkje for å blogge om ferien enda. Så eg trur at eg tek sommarferie i bloggen ei stund, kansje 3 eller 4 veke. Eg får sjå. Eg orkar ikkje å blogge i ferien, eg orkar omtrent ikkje å sitte på data. Så det hadde blitt lite blogging uansett. 
Eg håpar alle sammen får ein flott sommar! Eg har ein strålandes ivertfall! GO SOMMAR!

tirsdag 23. juni 2009

Sommarferie!

NO HAR EG ENDELIG SOMMARFERIE!  Det vart ein del grining på skulen i dag, men det var nesten ei selfølge. Også vart det litt ekstra sida Ola skal flytte å sann ogso, så det vart veldig trist. 

I morga skal eg, Silje og amma reise til Tysland, og i overimorga reise vi til Paris!! IIIII! ej gleda mej noke sinnsjukt masse no! No må ej berre pakke frå mej å alt de der:) So skal vi sove godt før vi skal reise :) 

So no blir ikkje de meir blogging på ei stond, kansje ej kjeme innom viss ej finne internett en plass på hotelle i Paris!:)

GO SOMMAR!

torsdag 18. juni 2009

Gollis har blitt ett år

Gollisen min Tryggve er endelig ett år! Tenk at han har blitt så stor på så kort tid! Han har forrandra seg så mykje, men han er like sjønn nå som då han vart fødd. Han er ein ekte sjarmør rett og slett! Ingenting anna å sei om den saka! 
Eg kan omtrent ikkje tru at han berre er ein mnd på dette bilete! Sjå kor stor og sjønn han allereide ser ut! Og kor utruleg sjønn han har blitt! Eg trur at han der blir ein ekte sjarmør når han blir stor ivertfall!

tirsdag 16. juni 2009

Sweet sixteen

Tusen takk for alle søte helsingane på bloggen min! Eg har hatt ein flott tur med klassa mi på klassetur. Eg har blitt sunge til og fått mange klemmar og gratulasjonar!  
Eg kan nesten ikkje tru det sjølv at eg har blitt 16 år, det følest liksom ut som om eg er 15 år enda. Men på ein måte føler eg meg meir voksa, eg kan starte å kjøyre nå, lærekjøyre, eg har meir rett til å bestemme når det kjem til kven eg vil vær mest med av foreldra mine, og mykje anna spennande som skjer når eg er 16. Som at eg er ferdig på ungdomsskulen, og at eg ikkje er tenåring lenger (eller eg vil ikkje kalle meg det lenger).  I dag har våre ein super dag, eg kom heim frå bowling (der eg vann)  for å kvile litt før enn pappa og dei kom heim, då alle hadde kom heim, fekk eg ein eksternhadisk på 1 terra (som e veldi masse vissnok), med Ola fekk eg sesong 1 og 2 av ei av favoritt seriane mine, Desperate housewives/frustrerte fruer/fruene og ei rosa rose, med Torkil og Mathilde fekk eg ei flott Hello Kitty klokke, og med Tuva fekk eg ei babuska og nokre sanne som bilder kan stå på (veit ikkje kva dei heiter). Også har eg fått mykje anna fint,  som med mamma, med ho fekk eg ein bluse, eit armeband og eit hårband. Tenkte at eg skulle legge ut bilete av det seinare.
I morgon har Tryggve Hjörtur bursdag, då kjem det sikkert eit lite innlegg. så eg skal blogge litt betre om klasseturen etter det! 
Men eg ville berre sei TUSEN TAKK for alle dei søte og flotte gratulasjonane!

mandag 15. juni 2009

Tuva golle mitt er 4 år!

Huff kor tida flyg! No har lisje jenta te storesystra blitt heile 4 år! Eg synst ikkje at det er sålenge sida eg var 11 år (nesten 12) og spent på å sjå det lille vedunderet! Og tida går såå fort! Eg kan nesten ikkje tru det sjølv. Til hausten er ho nest størst av barna i barnehagen, og ikkje så lenge til ho er ei stor skulejente. Eg får nesten klomp i halsen av å tenke på kor stor ho har blitt det siste året, ho har vokse så mykje, lært så mykje meir, snakkar, spør og grubblar. Ho er så utruleg hærlig å ver ilag med, ho er så søt og snill.

GRATULERER MED DAGEN LISJE SNUPPA MI!

torsdag 11. juni 2009

EKSAMEN=FINITO!

Det er så deilig å tenkt på at eg faktisk er ferdig med alt det viktige på undomsskulen! Nå er det berre 12 dagar igjen til ferien, og ej kan ikkje vente omtrent! Eksamenen gjekk veldig bra, og eg fekk den karakteren eg rekna med, alså 5. Eg visste eigentleg at eg kom til å få det, sida eg har hatt 5 i engelsk sidan 9.klasse omtrent! Men så er jo det den nest beste karakteren, så det er jo kjempe bra! 

Vi fekk karakterane våra for nokre dagar sidan, og eg vart heilt imponert! eg hadde 6 5'arar og 7 4'arar og berre EIN 3'ar! Eg vart så utruleg glad, og snittet mitt er nesten eit heilt tal høgare! Nå har eg cirka 5 i snitt, før hadde eg berre 4. Det er deilig å tenke på at eg er ferdig nå. På mandag skal vi på klasse tur og vi kjem heim dagen etter på, alså på min bursdag(får håpe på flott vær ikkje ikkje sann regn som nå)! Deretter skal vi på Bowling og ete pizza på Mamma Mia i Ørsta mest sannsyleg. Etter det er det berre å ta det med ro på skulen og slappe av heilt! 

I sommar skal eg mykje, og det er berre 13 dagar til at eg, bestemora mi og bestevenninda mi reiser til Tysland, og berre 14/15 daga til vi reiser til Frankrike! Og det er berre knappe 4 veke til eg skal til det vakkre landet i nord, Island. Der skal eg og Torkil vær i 3 heile veke! Og eg kan omtrent ikkje vent! Eg gledar meg såååååååå mykje! Og etter vi kjem heim der i frå, blir eg sikkert berre heime, eller kansje eg dreg til Stavanger med Ola då han skal flytte i August.. Men det får eg sjå ann! Eg veit ivertfall at eg får ein flott sommar med mange nye opplevelsar og koslige stunder! 

mandag 8. juni 2009

EG KOM OPP I ENGELSK TIL MUNNTLIGEKSAMEN!!!!!!!!!!!! No gjennstår det berre å øve... Eg og Silje skal gå opp i lag, og det går sikkert kjempe flott, sålenge vi klarer å øve frå oss og lage presentasjonen ferdig. Vi fekk vite det i dag klokka 09.00 cirka, og vi vart utruleg glade for at vi kom opp i engelsk, og det var det eg håpte at eg og Silje kom til å kome opp i! Ola kom faktisk også opp i engelsk, men han fekk ikkje same oppgåva som oss. Oppgåva vi fekk heite "Our inner and outer selves", og vi trur at det kan bli ganske bra når vi er ferdig. Vi skal skrive om koffor vi ungdomma ikkje vil bli voksne, men alikavel vil det på eit vis. 

Ønsk oss lykke til til Onsdag klokka 10.10 :)

mandag 1. juni 2009

tenkte at eg skulle skrive litt på seine natta..

Ja, eg klarer ikkje å sovne, mest fordi at eg sitt på msn, men ogso fordi at eg skal skrive rapport til eit musikk prosjekt som skal framførast på tysdag..+ at eg orka ikkje å legge meg ned å sove.. No har eg hatt prøve eksamen, den hadde eg på fredag, og det gjekk utrlig bra! eg fekk ein klar 5'ar sa læraren min, og eg vart strålandes glad! Eg og venninda mi hadde jobba hard i nesten 2 dagar, og vi var begge utmatta og leide av å lese og skrive om han Mao Zedong og Kina på 1900-talet. Men det var det vi ville ha om, så vi var heldige! No står det berre den "ekte" igjen, som ikkje skal vær før enn 10. og 11. Juni, ikkje så lenge til, men lenge nok. Eg trur at det kjem til å gå utrulig bra, og håpar på det beste!Vi har fått eit strålandes vær her i Volda no, og på 2 dagar har eg blitt brunare enn eg nokon gong har våre i Mai! Eg trur at det nesten har våre 30 grader i sola, og dagane har gått i å vere på badestranda å sole meg (eg har tilogmed bada! men det var kaldt!!), gå å tynne klede og kose meg med kjæresten min ute i sola! Det har våre så flott no at eg har glømt alt som har med skule og eksamen, heilt til i dag, då eg kom på at eg måtte skrive rapport...

Eg vil ogso berre takk for alle komentarane eg fekk på det andre innlegget mitt om Ulceriøs Kolit. Eg veit godt at det er lett å leve med, sidan eg veit om andre i familia som har det, som eg har arva det frå mest sannsynleg.  Men takk for komentarane både på mamma sin blogg og min. Ha ei flott veke alle sammen!

tirsdag 26. mai 2009

Ulcerøs Kolitt

Mamma fortalte at eg hadde fått ein sjukdom på eit innlegg for ikkje så lenge sida. Det stemmer, og eg tenkte at dokke kan få vite kva sjukdom det er. Den heiter Ulcerøs Kolitt, det kan ver ulike grader i den slik eg har forstått det. Når eg først fann ut at eg hadde det vart eg ganske lei meg, men sida eg ikkje hadde våre til undersjøkelse enda, så var det ikkje heilt sikkert at det var Ulcerøs Kolitt. Men alle symtoma eg hadde peika til den sjukdomen. 

Sjukdomen er ein kronisk betendelse som rammar tjukktarmen, det kan variere kor betent det er, og det er ikkje alle som har slik at heile tjukktarmen er betent. Men det hadde eg, men det var berre ein svak betendelse i heile. No går eg på tablettar som hjelp veldig mykje, og dei skal eg fortsette å gå på. Dei gjer slik at den ikkje blussar opp, og den beskyttar ogso tarmen mot kreft og andre ting.

Dei er endå usikker på kva som gjer slik at vi får sjukdommen, men dei trur at det er slik at immunforsvaret reagerer på eit virus eller ein bakterie og dei utviklar seg antistoffer som ved eit uhell kan angripe cellene i tarmen, det gjer slik at det blir ein kronisk betendelse. 
Det kan ogso oppstå oppblussingar av sjukdomen, det kan kome av psykisk stress eller andre sjukdommar, men det er ikkje dette som gjer slik at vi får sjukdommen. 

Det her blir ein sjukdom eg må leve med resten av litet mitt, men det trur eg eigentlig går bra, det kunna ha våre mykje verre, og eg er heldig som berre har ein svak betendelse. Men eg må såklart leve med dette, og avogtil blir det kansje litt trasig, men eg trur nok at eg skal klare å tilpasse meg det. Eg vil takke mamma for det ho sa om meg på bloggen hinna, det var utrulig rørande, og eg merkar at eg synst at det er vanskeleg enda, men eg skal ver sterk når eg merker at eg føler meg litt ned på pga sjukdommen. Og eg trur ikkje det er ein einaste ting eg ikkje kan gjer, eller eg har ikkje funne noko enda. 

I morgon får eg vite oppgåva mi til prøve eksamen i muntlig!!! Eg kom opp i samf.fag til prøvemuntlig, og er ganske spent!
Wish me luck:)

tirsdag 19. mai 2009

17. Mai

Golla mine! Ola og Mathilde

Beste venninda mi Silje og meg!
------
Litt seint innlegg om korleis min 17. Mai var, men betre seint enn aldri, er ikkje det dei sei?
Dagen starta med at eg fekk sjå at Noreg vann overlegent Eurovision, noke som var super kjekt! Og noke som va ogso bra var at Island kom på 2.plass! So begge landa mine vann på ett vis! Super kjekt! 

Om morgonen møtte eg opp ved Sjukehuset i Volda for å stille opp til toget! Eg spelar i korpset, så eg måtte ha på meg uniform dei 2 første timane av dagen ca. Vi gjekk ei lita runde alle sammen som skulle gå i toget! Og det var eigentleg heilt greitt, litt varmt, men skal ikkje klage no når det har blitt varmt edelig. Resten av dagen hadde eg på meg bunad og kosa meg med venner, sukkerspinn, god mat og gjekk i folketoget! Det var ein super kjekk dag, med ein utruleg varme, trur aldri at det har våre så varmt på 17.Mai nokon gong. Og eg kosa meg masse ilag med den gode og snillde kjærasten min! 

Koprset i full action i folketoget!Torkil går ilag med fottball klubben i folketoget

----------------

Men eg kjendte at det var godt når dagen var over, eg var så trøtt at eg forsov meg dagen etter på! Heldigvis kom eg presis til skulen!PUH!

I dag har eg framført Show and tell oppgåva mi i engelsk, den går ut på at vi skal velge en ting/ein person å vise fram tingen/personen og fortelje om han/ho/det. Eg hadde om Ola, og eg vart kjempe fornøgd med framføringa mi! Det gjekk super bra, så nå håpar eg på ein flott karakter som kanskje dokke her i bloggverden får vite?! :) 
Ha ei flott langhelg alle sammen, og kos dokke like mykje som dissa to søte fuglane gjor på 17. Mai!

torsdag 14. mai 2009

HELG!

I går hadde ej eksamen! Og den gjekk veldig bra!  Og det vart mykje lettare enn det eg hadde trudd at det kom til å bli. For det første så var tentamenen vi hadde vansklegare enn eksamenen, og for de andre så hadde eg ein god dag trur eg. 

Eg vil også takke alle som tenkte på meg då eg satt å rekna. Tusen takk, og eg trur at det hjalp veldig mykje! 

Imorgon får vi helg, pga. engelskeksamen! Så då skal eg sove litt lenger, fordi at i dag har eg våre ganske trøtt og sliten! Eg sovna faktisk då eg skreiv Bookreporten/bokmeldinga som ej må levere inn på tysdag. I morga kjem også Ola, fordi at vi skal jobbe med Show and tell, det er ei oppgåve i engelsk som alle i 10.klasse har. Eg skal ha om Ola, så han må nesten vere der når eg skal finne ut noko å sei om han! Gledar meg! 

--------

Måtte berre ha eit bilde av ei lita stor solstråle!

Også skal eg fortelje dokke kor heldig eg var i går! Eg opna opp all posten eg hadde fått, også hadde eg vunne i ei konkuranse! eller ikkje førstepremie, men eg hadde vunne! Og eg vann eit gåve kort på 500 kr! Gjett om eg vart glad då! Det var veldig kjekt å vinne noko sant. Og kortet går ikkje ut før enn om 3 år. Dei pengane skal eg bruke på noko eg virkeleg har lyst på. 

Og som om ikkje det var nok, så fekk eg blomster med pappa, Oddny, Mathilde og Torkil. flotte rosa roser! Som gratulere for at eg var ferdig med matteeksamenen. Kjempe kjekt å få. Dei står no flott på nattborde mitt og sprer god lukt over heile rommet! 

Og i dag fekk vi tilbake ei RLE prøve som vi hade for nokre veker tilbake, eg vart så glad når eg såg resultatet! Kor kjekt det var! eg fekk 5+!!! Og det var tilogmed ei prøve eg var litt usikker på! Og eg var berre 3 poeng frå fullpott..! åå kor stolt eg vart! Og heldigvis kunne eg om Jobs lidningar, Paulus/saulus/Saul og mykje anna i Bibelen! Vart so stolt!

lørdag 9. mai 2009

Søndag..

I dag er det søndag, og berre 3 dagar til eg skal ha eksamen.. Eg fekk vite kva eg kom opp i sist ønsdag, og det vart det eg trudde, matematikk. Eg hadde vel eigentleg visst det heile tida, men det å få det bekrefta var ikkje kjekt i det heile tatt, det var grusomt. Eg, bestevenninda mi og nokre jenter til som går i klassa mi braut ut i stille gråt heilt til vi kom inn på klasse romme, då grein vi, og vi grein og grein. Eg veit at det høyrest heilt teit ut, men vi grein faktisk. Matte liksom, av alle dei tre faga vi kunne kome opp i måtte det såklart bli matte. Så jah.. Matte..

Personeg er eg ikkje noko flink i matte, eller eg synst ikkje det, og det har gått gale sida 8.klasse med det faget, så det vart veldig trist å kome opp i matte. Heldigvis er det berre skriftleg. Så nå må eg berre øve og øve og øve. Det er berre det at eg føler ikkje for å øve, fordi at kvar gong eg har tenkt å leite fram matteboka, så hugsar eg at vi faktisk kom opp i matte. Så i dag skal eg ned til besteforeldra mine for å øve, fær dit ned i kveld, etter at pappa har henta meg og Torkil. 
Og då blir det full guffe med pugging av formar og funksjonar! Også kryssar eg fingrane for at det skal gå bra! Eg er ikkje den einaste som slit med faget matte, så vi står saman. 

Eg håpte at vi kom opp i engelsk, sida det er mitt sterkaste fag omtrent. Norsk er ikkje så gale helder. men matte.. ueeee.. GRUR MEG!

Wish me luck! ;)

søndag 19. april 2009

Flø tur!

-----------
I dag var pappa, eg, Torkil, Mathilde, Oddny og Torkil sin kompis ut på Flø. Der hadde Moods of Norway utstilling, så vi for ut å såg på den før vi for ut i fjøra å grilla litt. Uheldigvis hadde ikkje eg meir batteri på kameraet mitt etter 10 bilder. Men eg fekk låne pappa og dei sitt kamera! 
Det var kjempe kjekt der. Vi lagde sandslott og tok masse bilder! Og utruleg nok blåste det nesten ikkje noko!

søndag 5. april 2009

GRAND PRIX VINNARAR!

Grand Prix V.U.S er ein tradisjon som har våre i 9 år nå, og alle klassene deltar. Vi velger eit tema vi vil ha, (vi hadde egypt), også ein sang (vi hadde ruslana-wild dances) også lagar vi ein sang til den melodien og kulisser, kostyme og dans som passa til temaet.litt av klassa(trur eg)kulissane våra

Magedansarane dansar.

------
Den første dagen i veka sa alle at vi kom til å vinne, eller mange sa det, tilogmed lærarar. Ein komentar vi fekk var: "dokke e irriterandes flinke!" hahah, den likte eg altså. Og elevane til den læraren vann i fjor og kom på 4.plass i år. 

Dommarane synst at vi hadde våre så flinke at vi fekk 65 poeng og kom på 1.plass!! VI HYYLTE OG GREIN NESTEN! To år uten å kome på lista også kom vi på 1.plass! VI VAR I TOTALT LYKKERUS!  2.plassen hadde berre 48 poeng, Så eg trur at dei likte oss veldig masse dei dommarane altså! Etter vi hadde framført då vi hadde vunne gratulerte alle oss og sa at vi fortjente det o.s.v. Vi var kjempe glade og gav klem til alle og tørka tårer. 

Premien va penga ogso på 17.mai skal vi framføre nedi gata (sentrum) til mange folk. de trur ej blir kjekt! Gleda meg til det, men grur meg litt også da, såklart, hehe. 

I nettavisa Møre hadde dei skreive :

"Ein heidundrandes kveld
Med flest poeng vart klasse 10A vinnarklassa med tema Egypt.
Torsdag var det duka for Melodi Grand Prix på Volda ungdomsskule.Ein kveld der alle var vinnarar. 
Elleve klasser framførte kvar sin sjølvskriven song. Med kostyme, dans, skodespel og den rette lyssettinga vart det utan tvil Grand Prix steming. Etter mange flotte innslag og dommarvurdering vart det klasse 10A som gjekk av med sigeren denne forykande kvelden."


tirsdag 24. mars 2009


Ville berre vise dokke nokre bilde av meg og kjæresten min. Eg er så utrulig glad i han, og til hausten skal han flytte til Stavanger for å gå på skule. Det blir sikkert vanskelig i starten, men eg trur at vi kjem til å klare det! Det blir spennande! Eg er kjempe glad på hass sine vegne, for eg veit at han virkelig hadde lyst å kome inn!